Tunshovden gravplass er frå 1833. Plassen vart gjeve som ei gåve til Voss kyrkjelyd frå familien Fleischer, som eigde garden Lekve.
Steingarden vart sett opp i 1857, etter at plassen vart utvida. Tunshovden gravplass vart teken ut av bruk i 1948, men vart, grunna plassmangel, opprusta i 2010.

Gravplassen er delt inn i 8 felt, og har plass til 725 kistegraver. Eit av felta er retningsbestemt for gravlegging etter islamsk skikk. Det har 40 graver.

Tunshovden minnelund har plass til 400 urnegraver, der ein i staden for eigne gravsteinar nyttar namneskilt montert på eit felles minnesmerke.

Minnelunden er teikna av ABO Plan og arkitektur ved sivilarkitekt Signe Mossige, produsert av Tunge Ting AS, og vart teken i bruk i 2021.