Når ein av våre næraste døyr, dukkar det gjerne opp mange spørsmål. Gravferdsbyråa og gravferdsetaten vil kunne hjelpe med oversiktleg og ryddig informasjon.
Gravferdsbyråa har opne vakttelefonar heile døgnet. Dei informerer om kva som skjer vidare, med til dømes henting av avdøde, og praktiske gjeremål rundt dødsfallet. Gravferdsforvaltinga kan kontaktast i kontortida. Me samarbeider for å leggje til rette for ei verdig gravferd.
Mange vil kjenna på at det er mykje å setje seg inn i, og mykje som må ordnast på kort tid. Før ein går vidare, må det veljast ein person av dei pårørande som står som ansvarleg for gravferda. Denne personen vert familien sin kontaktperson med byråa, gravplassforvaltinga, og det offentlege, og skriv under på papira. Gravferdsbyråa har dei beste kunnskapane kring gjennomføring av gravferder og dei praktiske oppgåvene som må ordnast fram til seremonien. Gravplassforvaltinga er det offentlege organet som syter for tilrettelegginga før, under og etter gravlegginga på gravplassen. Dersom seremonien skal skje i kyrkja, varslar gravplassforvaltinga prest, organist og kyrkjetenar.
Ta gjerne kontakt med gravplassforvaltinga så snart som råd. Då kan ein få fastsett tid og stad for gravferd eller bisetjing, uansett trus – og livssyn. Ein får også svar på andre praktiske spørsmål som gjeld gravplass, graver, kremasjon, urnenedsetjing, stell av graver, og lovar og regelverk.
Du finn lenker med kontaktinformasjon til byråa og nokre av livs- og trussamfunna under nyttige lenker.
Gravplassforvaltinga har kontor i Uttrågata 5 (Kyrkjetunet). Tlf. 56 52 38 80.
Kontoret har ope 0900-1500 man-fre. Endringar i opningstidene grunna ferie eller høgtider kan førekome.