Her vil du finne svar på dei vanlegaste spørsmåla om gravlegging og gravplassar.

Kvar henvender eg meg når eg skal planlegge ei gravferd?

Dei fleste nyttar eit gravferdsbyrå for å få hjelp til planlegging og gjennomføring av ei gravferd. Gravferdsbyråa kjenner til alt som må gjerast av papirarbeid og anna som kjem etter eit dødsfall. Du kan og ta kontakt med gravplassforvaltinga direkte, for å fastsette tid for gravlegging, finne grav eller få svar på spørsmål om graver oggravplass.

Gravplassforvaltinga deler kontor med prestar og organistar, så desse vert varsla raskt når tid og stad er bestemt. 

Om du tek kontakt med gravferdsbyrået fyrst, kan dei ta dialogen med gravplassforvaltinga om å fastsette tid for gravlegging og finne grav, så du ikkje treng å forhalde deg til så mange.

Korleis er gongen i ei gravferd eller bisetjing vanlegvis?

Det er ulike seremoniar alt etter kva tru eller livssyn ein har. Her vil ein få hjelp hjå den organisasjonen eller samfunnet som ein høyrer til. 

Innafor Den norske kyrkja består seremonien vanlegvis av ein minnetale, andakt, og salmar. I tillegg er det høve til andre musikalske innslag som solosong, korsong, innslag med andre musikarar. Det er også høve for pårørande til å halde minnetale etter avtale med den som leiar seremonien. Presten orienterer om gangen i seremonien, når ein har samtale på førehand.

Etter ein gravferdsseremoni vert kista følgt til gravplassen og senka i jorda.
 Før senkinga er det vanleg å synge ein salme/song og at prest/leiar av gravferda seier nokre ord. 

Dersom ein har vald kremasjon, vert kista ført bort frå seremonistaden og frakta til eit krematorium. Etter kremasjonen vert urna sendt til Voss, eller til gravplassforvaltinga i den kommunen urna skal setjast ned.

Dei pårørande vert så kontakta for å avtale tid for urnenedsetjing.

Kva om ein tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja?

Gravplassforvaltinga administrerer gravplassane. Difor er det viktig å ta tidleg kontakt for å avtale tidspunkt for gravferda, uansett korleis ein vel å gjennomføre ein eventuell gravferdseremoni. Dette av di me skal opne ogklargjere grava på førehand, ute på gravplassen. 

Må ein ha ei gravferd eller gravferdsseremoni?

Nei, ein må ikkje ha ein gravferdsseremoni. Dersom ein vel å ikkje ha noko seremoni må gravlegging eller kremasjon etter lova skje seinast 10 vyrkedagar etter dødsfallet. Pårørande kan vere til stades ved senking av kiste eller nedsetjing av urne. Nedsetjinga kan også gjerast av gravplassforvaltinga utan andre til stades. Gravplassforvaltinga administrerer gravplassane. Difor er det viktig å ta tidleg kontakt for å avtale tidspunkt for gravferda, uansett korleis ein vel å gjennomføre ein eventuell gravferdsseremoni. Dette av di me skal opne ogklargjere grava på gravplassen på førehand.

Må eg nytte eit gravferdsbyrå?

Du kan gjere mykje sjølv, men slik samfunnet er bygd opp no, så er det mykje å setje seg inn i når ein person går bort.  Dei fleste nyttar eit gravferdsbyrå for å få hjelp til planlegging og gjennomføring av ei gravferd.. Byråa kjenner til alt som må gjerast av papirarbeid og anna som kjem etter eit dødsfall. Dei har lang erfaring med tilrettelegging og gjev god og nyttig informasjon. Dei kan også bidra med kiste, transport, blomar og kransar, ogdet som elles trengs.

Kor lang tid kan det gå frå ein person døyr til gravferda finn stad?

Reglane seier at ei gravferd skal finne stad seinast ti vyrkedagar etter dødsfallet, dersom ikkje spesielle høve tilseier noko anna. Oftast vert ein gravferd gjennomført om lag ei veke etter dødsfallet. Dette vert tilpassa så langt det er mogleg, etter kva som høver for dei pårørande.

Kva er skilnaden på ei gravferd og ei bisetjing?

Etter ein gravferdsseremoni vert kista følgt til gravplassen og senka i jorda. 

Dersom ein har vald kremasjon, vert kista ført bort frå seremonistaden og frakta til eit krematorium. Etter kremasjonen vert urna sendt til Voss, eller til gravplassforvaltinga i den kommunen urna skal setjast ned.

Dei pårørande vert så kontakta for å avtale tid for urnenedsetjing. Det er ikkje trong for noko seremoni. Urna kan setjast ned av gravplassforvaltinga åleine, eller med pårørande til stades.

Kva kostar det å gravlegge nokon?

For innbyggjarane i Voss  er ein kyrkjeleg seremoni og gravlegging gratis. Det er dei ulike tenestene elles, som kostar. Dersom den avdøde hadde folkeregistrert bustadadresse utanom Voss herad, er det ein kostnad med arbeidet på gravplassen. Det vert også teke leige for kyrkje /kapell inkludert lønsutgifter, oppvarming, reinhald.  Det vert også teke inn festeavgift for 20 år for utanbygds gravlagt. 

Utgifter for gravferdsbyråa sine tenester kan variere, det same gjeld andre trus- og livssynsorganisasjonar. Her må ein ta kontakt, eller gå inn på nettsidene for opplysingar.

Fins det ein eigen urnelund i Voss herad?

Ja, Voss har ein eigen «namna minnelund» for urner på Tunshovden. Den vart teken i bruk i 2021. Her vert urner sette ned, og eit namneskilt ført opp på minnesmerket. 

Det kan også verte aktuelt med namna minnelund på nokre av dei andre gravplassane, på sikt. 

Det er også vanlege urnefelt på Voss gravplass, der ein kan setje opp gravstein som på vanleg grav.

Er det lov å spreie oska etter kremasjon i naturen?

Det er høve til oskespreiing. Gravplassforvaltinga kan ikkje gje løyve,  ein må søkje til Statsforvalteren. Lenke til søknadsskjema finn du her.

Ved oskespreiing er det ikkje høve til å få namn og datoar oppført på eit gravminne på ein gravplass. Oskespreiing vert det same som anonym gravstad.

Kva med hjelp til å kome gjennom sorga?

Gravferdsbyråa og gravplassforvaltinga er ofte dei første ein møter ved dødsfall, og dei kan også hjelpe til med å kome i kontakt med personar, lag eller organisasjonar som kan hjelpe ein gjennom sorga. Kyrkja har også ei eiga teneste for dette. Diakonitenesta kan en finne ved å kontakte Kyrkjekontoret. Den er gratis. Terskelen for å søkje hjelp ligg oftast hjå ein sjølv.

Kva er ein festar og eit feste?

Ein festar er den som står ansvarleg for ei grav. Ei grav kan berre ha ein festar. Til vanleg er dette ein av dei pårørande til den gravlagte, eller nokon som har hatt ansvar for gravferda. 

Eit feste er ein avtale mellom gravplassforvaltinga og den ansvarlege for grava.  Den som er festar for ei grav, har både rettar og plikter.  Om du har spørsmål om dette, så ta gjerne kontakt med gravplassforvaltinga i Uttrågata 5.  Sjå lenke til lovverk og lokale vedtekter her.